Småjenter vann 6-2 over mødrene
Tysdag kveld var det duka for «lokaloppgjer» i Rosendal. Småjentelaget hadde fått beskjed om å stilla til kamp klokka 17:30, motstandaren fekk dei ikkje vita noko om før nokre minutt før kampstart.
Latteren ljomte over kunstgrasbanen då mødrene til jentene kom joggande ned frå garderoben, med trenar Asbjørn Soltveit i spissen. Dei var iført raude drakter og nokre hadde funne fram nisselua for anledningen. Det var duka for ein intens kamp mellom mor og dotter. Ungjentene starta friskt med mykje godt pasningsspel og etter fyrste omgong hadde dei rundspelt mødrene sine og leia fortent 3-0.
Asbjørn, med si lange erfaring innan fotballen, hadde tydlegvis sagt nokre velvalgde ord i pausen, til mødrene. Dei kom på banen med meir sjølvtillit og produserte nokre sjansar. Likevel gjekk ungjentene opp til 4 – og 5-0, før mødrene putta to kjappe mål. Stillinga enda 6-2 til ungjentene og husfreden i adventstida, ser ut til å vera berga rundt om i heimane.
Det var ein artig kamp der småjentene viste godt pasningsspel og god innsats. Mødrene bør etter dette vurdere å stifta Rosendal Oldgirls, for det var takter frå dei og som viste at dei har peiling på fotball!