Smikkfullt hus på fotballavslutning

320 stolar var sett ut i samfunnshuset for å ta i mot heile fotballfamilien i Rosendal. Som alltid vart det stuande fullt med born, føresette og besteforeldre. Kvelden opna konfransier, Håvard Sætrevik, med å dela ut pokal til dei fire yngste alders bestemte laga. Etterpå vart kakebordet opna. Her bugna det av kaker i alle fasongar og smakar.



 
Ordførar Synnøve Solbakken delar ut frivilligprisen til Arvid Nes.

Peder Bakar, alias Peder Sjo Slettebø, frå Halsnøy troppa oppp på festen i bakarklede. Han hadde ikkje med seg mindre enn 300 bollar som han gleda alle frammøtte med. Og om ikkje det var nok, så kunne han opplyse om at han ville starte konditori i Rosendal i mars 2012. Ein overraskande og godt motteken nyheit.

Drøsen gjekk rundt borda før det tradisjonnelle åresalet byrja. To rundar med åresal gjekk så det suste, kun ni årar låg att av 1000, då fyrste runde starta. I andre runde sikra nokon seg dei ni siste og.

Etter at åresalet var over var det tid for ei høgtideleg prisutdeling. Arvid Nes er som kjend tildelt frivillig prisen i Kvinnherad for 2011. Ordførar Synnøve Solbakken var tilstades under heile festen og stod sjølvsagt for utdeliinga av denne prisen. Arvid fekk utdelt prisen, blomar og eit flott bilete frå Galleri Guddal. Ein tydeleg rørt Arvid takka for at han fekk denne prisen. Arvid meiner at det beste med dette arbeidet er å sjå alle ungane som trivs og har det kjekt på fotballbanen.

 Vidare vart det utdeling av medaljar og pokalar til dei resterande aldersbestemte laga i Rosendal. Jentelaget som vart meisterar i 2. divisjon i Hordaland, fekk i tillegg sine meistermedaljar. Trenaren deira, Magne Skår, fekk prisen som beste trenar i aldersbestemt fotball i Rosendal.

Som vanleg var dette ein flott fest for fotballglade i Rosendal og omegn, fotballsesongen 2011 er historie og ein kan sjå fram mot ein ny og spanande sesong i 2012.

Her er fleire bilete og lagbilete av alle laga