Snart klart for Kvinnheradløpet

Kvinnheradløpet går av stabelen søndag 1. oktober. Det vert den 41. utgåva for turklassen, medan løpsklassen no kan feira 40-årsjubileum.

Det fyrste Kvinnheradløpet vart arrangert i 1982, og heile tida har arrangementet vore ein årviss tradisjon, både for dei som går løypa for turen sin del, og for dei som spring på tid. Men koronapandemien førde til at løpet vart avlyst i 2020. I 2021 var Kvinnheradløpet attende, men ein kombinasjon av pandemi og anleggsarbeid gjorde at løpsklassen vart droppa. Kanskje like greitt med tanke på dei forferdelege vêrmeldingane som vart varsla på førehand. Vind og regn vart det, men ikkje så gale som frykta.

I fjor var alt nesten som normalt att, med både trim- og løpsklasse, i typisk, fint haustvêr.

– For oss er Kvinnheradløpet haustens vakraste eventyr, og det tippar vi også mange av dei trufaste deltakarane meiner. Vi tykkjer det er stor stas at vi no kan feira 40 år med løpsklasse, og vonar det kan gje eit løft i deltakartalet, seier Kåre Eik, Mariann Risdal og Morten Nygård i Rosendal Turnlag Turgruppa i ei pressemelding.

Ny løype neste år
Løypa er som kjent 5,8 kilometer lang, med start og mål på Rosendal stadion, via Rosendalstunet, Kvinnherad kyrkje, Avlsgarden og Omshagen. Frå løparane er det uttrykt eit ynske om å enten runda opp til 6 kilometer eller ned til 5, slik at det er råd å samanlikna med tider frå andre arrangement.

– Å laga ei løype på 6 kilometer er ikkje vanskeleg, men viss ein skal runda ned så vil nok det berre gjelda løpsklassen. Uansett har vi bestemt å venta med det til neste år, sidan Rosendal stadion enno ikkje er heilt ferdig utbygd. Fyrst og fremst er det tidtakarbua vi med lengsel ventar på, opplyser arrangøren.

Det betyr at det frå neste år skal noterast nye løyperekordar. Difor er det verdt å merka seg at  Sindre S. Omvik, som verkar å vera i toppform, vil prøva på ny løyperekord også i år, så sant vêrtilhøva er eigna.

Gjennomføringa av løpsklassen vil dagleg leiar i Rosendal Turnlag og tidlegare landslagsutøvar i tresteg, Jonathan Varela Byrkjenes, ta seg av.


Deler av arrangørstaben!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × four =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.