Solfjelløpet i Uskedalen
Uskedalen idrettslag Inviterer herved til Solfjelløpet som går av stabelen i Uskedalen 31 mai. Solfjelløpet er eit motbakkeløp som har vore arrangert sidan 2009 i eit naturskjønt område med utsikt over Ulvanosa, Rosendalsalpane, Sunnhordaland og innseglinga til Hardanger.
Løypa startar med ein skogsveg samt litt utmark før den går over i eit litt flatare fjellparti. Løypa går så over i eit brattare fjellparti før ein kjem opp på snaufjellet med litt flatare parti opp til toppen, der ein møter eit fantastisk utsyn med fjord og fjell.
Det vert også arrangert barneløp (minisolfjell) som går frå midtvegs i løypa og opp til toppen 500-890 meter.
For meir informasjon og påmelding kan ein klikka seg inn på denne linken: http://uskedalil.no/uil/Solfjell%F8pet/cid/30883/
Me ynskjer med dette hjarteleg velkomne!
Uskedal idrettslag