Søndag 6. oktober er det klart for årets Kvinnheradløp

Leiar i turgruppa, Morten Nygård, opplyser at distansen for konkurranseklassen i år er redusert frå 9,2 til 5,2 km. I tillegg vert det sett opp pengepremiar til tre beste kvinner og menn. Dette er ein freistnad på å auka deltakartalet i konkurranseklassen, som i fjor nådde eit lavmål med berre 24 deltakarar. Snittet for siste 10 år er 31 deltakarar i konkurranseklassen og 562 i trimklassen utan tidtaking. Skulane kjem i tillegg.


» Informasjon om løpet og statistikkar finn du her