Sonesamling i Haugesund
Lørdag 22. januar var sone sunnhordland samla på Sakkestad i Haugesund, til kampar mot team Haugesund sparebank/htf satsinga sine lag. Kampane foregjekk inne på kunstgrass i Haugarhallen, der ein spelte 8 mot 8 i 3x25min omg.Frå Rosendal var Hermund Døssland med på G97, Sondre Eskeland på G96, Julie S Olsen J97. Kari Bråtun, Katrine Y Røssland og Tina Skår var på J96.
Kampane bar preg av at Haugalendingane trenar fleire gonger i veka i lag, dei var godt samspelte og visste kvar dei hadde kvarandre, mens Sunnhordlandsgjengen berre har hatt ei samling til no. Rosendalsgjengen viste godt igjen, Sondre Eskeland scora begge måla til 96 gutane, Julie Olsen scora for 97 jentene, og Tina Skår sette inn eit mål for jente 96. Dette var god kamptrening, og eg trur dei fleste reiste heim med ein god opplevelse i bagasjen.
