Sonesamling i Rosendal

No nærmar det seg 4. sonesamling. Den blir som før nemnd, i Rosendal Laurdag 10. og Sundag 11. mars. Ferje frå Skjersholmane laurdag kl. 08.00. Retur frå Ranavik sundag kl. 16.15. Me legg ikkje opp til fellestransport og dei ulike spelarane / klubbane finn det reiseopplegget som høver best ut frå der dei bur.


Denne gongen får me besøk av den nye spelarutviklaren til Hordaland Fotballkrets,  Magnus Johansson, som vil presentera seg og sei litt om kva tankar han / kretsen har om spelarutvikling, og i tillegg ha ei praktisk økt for oss.

I løpet av helga vil me i tillegg gjennomføra spelarsamtalar med alle spelarane. I den samanheng har eg lagt ved eit eigenevalueringsskjema som me håpar de kan kopiera og gje til spelarane i klubben dykkar. Skjema vil vera eit utgangspunkt for spelarsamtalen.

Eg har lagt ved innkalling m. program og liste over alle spelarane som er invitert til denne sonesamlinga. Det er viktig at eg får beskjed om det er spelarar som ikkje kan møta.
Eg har allereie motteke nokre fråfall frå spelarar som er på lista og dei treng ikkje gje beskjed ein gong til.
Eg vil i tillegg senda ei påminning på SMS til spelarane ca. 1 veke før samlinga.

Me lurer og på om det er nokon kvinnelege foreldre / Trenarar som har tenkt, eller kan tenka seg, å vera med på overnattinga i Rosendal. Me har som kjent ein noko skeiv kjønnsfordeling i trenarstaben og jentene hadde nok sett pris på ein kvinneleg vaksen i tillegg til oss. (Grethe må kanskje melda avbod, så me treng ei som kan steppa inn).
Dersom ei eller fleire har høve – gje meg beskjed på mail eller tlf.

Lurar de på noko så send ein mail, eller ring meg på tlf. 415 08 615

Mvh

Erling K. Grov
Soneansvarleg
For HFK's spelarutvikling i Sone Sunnhordland