Sonesamling i Rosendal

Laurdag 11. mars er det klart for sonesamling i Rosendal. Samlinga er for jenter og gutar fødd i 2002 og 2003. Oppmøte er ved Samfunnshuset i Rosendal kl. 09.30. Her er det garderobar. Samlinga er slutt ca kl. 14:00

Det er viktig at spelarane kler seg godt til samlingane og har med gode treningsklede, flaske, og leggskinn. Hugs å ta med ein god ball med luft i!

På denne samlinga spanderer Sone Sunnhordland lunsj på alle spelarar, og de treng difor ikkje å ta med eigen matpakke.

NB! Det er viktig at me får tidleg beskjed om det er spelarar som ikkje kan møta til samlinga i Rosendal.

Rosendal har med desse spelararane:

2002 modellar:
Hanna Tvilde
Tea S. Taranger
Amalie H. Rød
Nicolai Nistad
Sander Simensen
Martin Arnesen

2003 modellar:
Guro Leganger
Ina T. Sandvik
Silje Soldal
Lene Furdal
Isak Naterstad
Øyvind Næs

Denne samlinga er den siste for Sone Sunnhordland no i vår – og det er den siste for aldersgruppa 2002. Me vil starta opp igjen til hausten med nye samlingar. Då vil aldersgruppene 2003 og 2004 her i Sone Sunnhordland vera i lag på nokre samlingar.

Vil til slutt takke spelarar og klubbar for god innsats og godt samarbeid. Ein ekstra takk til alle 2002-spelarane som har vore med oss i fleire år. Lykke til vidare!

Ta gjerne kontakt for spørsmål.

Mvh.
Svein Ove Eikenes
Soneansvarleg
For HFKs spelarutvikling i Sone Sunnhordland
Tlf. 91616520

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.