Sonesamling i Rosendal – uttak

No nærmar det seg 4. sonesamling. Den blir som før nemnd, i Rosendal Laurdag 9. og Sundag 10. mars.


Desse er tatt ut fra Rosendal/Uskedal til å være med på samlinga:

Kjartan Tungesvik, Uskedal, f.98
Marius Myklebust, Uskedal, f.98
Mathias Guddal, Rosendal, f.99
Olav Lernes, Rosendal, f.99
Kristoffer Eskeland, Rosendal, f.99
Sondre Myklebust, Uskedal, f.99

Mari Furdal, Seimsfoss, f.99
Åshild Bjørnebøle, Dimmelsvik, f.99
Kristine Tveit, Matre, f.99

Alle må møte før kl.10:00 lørdag 9. mars, i Samfunnshuset. Det blir teori og trening både lørdag og søndag. Ferdig søndagen rundt klokka 15:00.

Det blir overnatting, samt litt underholdning i samfunnshuset. Ta med madrass, sovepose og toalettsaker. Mat blir servert begge dagar.

Kretstrenar Magnus Johanson blir med på lørdag.


» Informasjon og uttak

Ferje frå Skjersholmane laurdag kl. 08.00. Retur frå Ranavik sundag kl. 16.15. Me legg ikkje opp til fellestransport og dei ulike spelarane / klubbane finn det reiseopplegget som høver best ut frå der dei bur.

På samlinga legg me opp til at spelarutviklaren til Hordaland Fotballkrets, Magnus Johansson, vil presentera seg og sei litt om kva tankar han / kretsen har om spelarutvikling, og i tillegg ha ei praktisk økt for oss.

Eg har lagt ved innkalling m. program og liste over spelarane som er invitert til denne sonesamlinga. Det er viktig at eg får beskjed om det er spelarar som ikkje kan møta.

Eg vil i tillegg senda ei påminning på SMS til spelarane ca. 1 veke før samlinga.

Me lurer og på om det er nokon kvinnelege forelder / trenar som har tenkt, eller kan tenka seg, å vera med på overnattinga i Rosendal. Me har som kjent ei noko skeiv kjønnsfordeling i trenarstaben, og jentene hadde nok sett pris på ein kvinneleg vaksen i tillegg til oss.

Dersom ei eller fleire har høve – gje meg beskjed på mail eller tlf.

Lurar de på noko så send ein mail, eller ring meg på tlf. 415 08 615

Mvh
Erling K. Grov
Soneansvarleg
For HFK’s spelarutvikling i Sone Sunnhordland