Sonesamling – Sone Sunnhordland

No er uttaket til 3. sonesamling den 26. og 27. januar i Vardhallen klart, Rosendal har fire spelarar med (sjå vedlegg). Det har vore vanskeleg å ta ut spelarane av fleire grunnar. For det første så fekk me berre ei samling i forkant, då den fyrste samlinga vart avlyst pga. snøfall. For det andre så er det eit svært jamt nivå. Ofte skil det seg ut ein 3-4 spelarar som me er sikre på, men etter det er det svært jamt, og det kan vere vanskeleg å skilje mellom dei ulike spelarane. Dei har ulike fysiske føresetnader, spelar i ulike posisjonar og har ulike kvalitetar som gjer dei til gode fotballspelarar.


Til tross for dette er me nøydde til å gjera val, og me meiner me har hatt ein god og ryddig prosess i så måte. Resultatet ser de i den vedlagde lista over dei spelarane me valde å invitera med vidare. Det at det er jamt er eit godt teikn, då det tyder på at det er små marginar som skil dei ulike spelarane frå kvarandre, og at det er mange spelarar i regionen som kan ta steget opp i høgare divisjonar om dei ønskjer det. Det er kjekt å koma med vidare på slike samlingar, men det er viktig å merka seg at den viktigaste jobben likevel vert gjort i det daglege treningsarbeidet rundt om i dei ulike klubbane.

Dessverre har me ikkje kapasitet til å gje detaljert grunngjeving til/om  den einskilde spelar om kvifor dei kom med, eller ikkje kom med. Dei spelarane som kom med vidare får minst ein spelarsamtale i løpet av dei neste 2 samlingane.  

NB! Det er viktig å merka seg at dei 2 som står oppførd som reserve ikkje skal møta på samlinga, med mindre dei vert kalla inn ved forfall.

Me kjem tilbake med eit nærare program ca. 10 dagar før samlinga.

» Innkalling
» Spelarliste

Treng de ytterligare informasjon ta kontakt pr. mail eller på tlf. 415 08 615

Mvh

Erling K. Grov
Soneansvarleg