Sonesamling

Søndag 13. desember, vert det stor samling av gode fotballtalent i Rosendal. 80 gutar og jenter er kalla inn til samling. Dette er gutar og jenter fødd 1995-1996. Dei kjem frå klubbar i heile Sunnhordland – Bremnes, Stord, Kvinnherad og Odda.


Sonesamlingansvarleg er Erling Grov fra Trott.
Tidspunkt er kl. 11:15 ? 15:15.

Rosendal/Uskedal har med 9 spelarar: Ingeborg Enes Ludvigsen, Silje Øyre, Helene Skåla, Kari Bråtun, Tina Skår, Eirik Berge, Han Fredrik Zimmer, Sondre Eskeland og Håvard Furdal. Det vert og med fem trenarar.