Sosial tur til Voss
I kaldt, men flott vær reiste vi til Voss på laurdagen for å delta på Smalahovecup. Vi stilte i «åpen klasse» og såg lyst på eit eventuellt avansement til finale.
Men slik skulle det ikkje gå. I første kamp mot eit relativt ungt lag frå Bergen, tapte vi 2-1. I kamp nr. to, møtte vi eit meir «satt» lag, som hadde blitt stoppa i dopingkontroll dersom det hadde vert kontroll der oppe;o). Om det var pga dopen dei skora 5 mål mot oss skal vera usagt, men når vi ikkje greidde å setja meir enn 2 mål på eit mange sjansar, så vart det tap her og.
Siste kamp vart då mot siste lag i andre pulje. Dette var eit mix lag frå Bjarg, dei knuste vi heile 19-2, 10-0 etter 13. min. Då var vi nøgde og kunne gå på bankett med godt samvit.
Banketten fann vi vel ut i ettertid at vi vann. Vi var alle 14 på scenen og song, åt smalahove (vi prøvde iallefall) og dansa ut i dei små timar. Dette var ein knallkjekk tur som vi nok vil prøva å få til som ein årleg tradisjon. Så dersom du vil vera med neste år så er det bare å kome på trening, søndag og onsdag klokka 19:30.