Spanande lokalderby mellom Rosendal og Trio02

G11 laget til Rosendal fekk i ettermiddag besøk av Trio 02. Dette laget er dei beste gutar 10 år frå Trio, og dei er meldt på i gutar 11 klassen. Rosendalsgutane var skikkeleg tente før kampen og det skulle visa seg at det vart eit spanande oppgjer.


Trio starta målfesten med to kjappe mål. Gutane våre hang litt etter, og gløymde å markera velplasserte triospelarar. Rosendal greide å komma til fleire halvsjansar, og som i sist kamp satte Jonatan inn reduseringa på ein corner. Gutane øyna eit håp og jobba godt. Likevel var det gutane frå Trio som auka leiinga til 3-1, som og vart pauseresultatet.

I pausen snakka vi litt om å ikkje bare ha fokus på ballen, men og på markering av spelarar. Vidare la vi vekt på å vera fyrst på ball, alltid.

Andre omgang starta, og vi fekk sjå eit heilt anna rosendalslag på banen. Vi braut opp i spelet til Trio med å vera fyrst på ballen og spelte oss opp i målfeltet til Trio. Ikkje lenge etter reduserte Sebastian til 3-2 og gutane var i fyr og flamme. Like etterpå braut Torstein Trio sitt forsøk på å spela seg ut av forsvar, han la til rette for Sebastian som sette inn utlikninga 3-3.

No vart det fart i gutane, dei haldt presset høgt på banen gjennom resten av omgongen. Gutane kjempa etter ballen heile tida og spelte seg fram til sjansar.

Gutane skora faktisk heile 7 gonger til, før ein god dommar (Jonas Havnerås) blåste av kampen. Då var stillinga 10-3 til Rosendal, dei hadde snudd kampen totalt i andre omgong.

Ein kjempekamp av gutane som står på for kvarandre og laget, jobbar og slit til siste slutt.

Triogutane må nemnast og, dei er det desidert beste laget vi har møtt til no i år sjølv om dei er eit år yngre enn dei dei spelar mot.

Desse var med (mål i parentes):
Torbjørn Haugland Nes, Ola Hunstad, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal (1), Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Jonatan Eskeland (1), Tord Guddal (3), Torstein Kristiansen Olsen, Tore Eriksen, Johannes Hellesøy, Sebastian Tufta Kirknes (5) og Marcus Hylland Såtendal.

Kanonkamp gutar!!!!