Spanande lokaloppgjer
Rosendal og Trio 2 leverte torsdag kveld ein spanande og underhaldande kamp for gutar 15/16 år, med mange mål. Trio tok leiinga 1-0, og få minutt etterpå utligna Rosendal til 1-1. Like etterpå vart det 2-1 til Rosendal, så følgde laga kvarandre med 2-2, 3-2 og 3-3 etter sjølvmål.
Kampen bølga fram og tilbake med store sjansar til begge lag, der Rosendal hadde dei største sjansane. 3-4 minutter på overtid skora Sondre Eskeland med hovudet til stor jubel. Dermed vann Rosendal 4-3. Kampen var open, men Rosendal vant fortjent.
Målscorere for Rosendal:
Simon Kortila
Jonas Havnerås
Eirik Berge
Sondre Eskeland
Tekst/foto: Arvid Nes