Spanande serieopning med lokalderby
Gutar 11 år starta serien i ettermiddag på heimebane. Trio var gjestene og alt låg klart for eit godt lokalderby. Rosendal opna best og pressa Trio godt bakover på banen, men ballen ville ikkje i mål.
Men som dei fleste veit så kjem måla etterkvart når ein skapar sjansar. Tord Guddal fekk klem på ballen og endeleg kom fyrste mål for sesongen. Rosendal fortsatte presset og Sebastian Tufta Kirknes sette inn mål nummer to. Dette var og pauseresultatet.
Andre omgang vart meir jamnspelt. Gutane jobba godt i forsvar og målvakta Torbjørn Haugland Nes sto som ein konge i mål. Rosendal gjekk opp til 3-0 etter eit skot frå Torstein Kristiansen Olsen, stilling 3-0.
No følte nok dei fleste rosendalsgutane at sigeren var berga, men Trio gav som vanleg ikkje opp og reduserte til 3-1. Kampen bølga fram og tilbake, og etter litt satte Sebastian inn sitt andre for dagen.
Etter dette satte Trio inn eit ekstra gir og reduserte til 2-4, 3-4 og i siste minutt satte dei inn utlikninga 4-4.
Det vart ein kjempespanande kamp som viser at det bur mykje i laget. Ein flott start på sesongen.
Neste kamp er kommande torsdag borte mot Solnut, gutane gler seg allereie.
Laget:
Torbjørn Haugland Nes, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Tore Eriksen, Johannes Hellesøy, Sebastian Tufta Kirknes og Marcus Hylland Såtendal.
Godt jobba gutar :o)