Spelemidlar frå Norges Fotballforbund
Rosendal Turnlag v/fotballgruppa, søkte i fjor om midlar til finansiering av dei nye måla på kunstgrasbanen.
I eit brev frå NFF vart det stadfesta utbetaling av spelemidlar.
– Dette var ei gledeleg melding frå forbundet, seier Arvid Nes som mottok brevet. Summen på kr 24.000,- er øyremerka for kjøp av utstyr, så no får vi sjå kva som trengs.