Spelemidlar til utstyr
Tilskotsordninga ”spillemidler til utstyr ” fortset i 2012. Ordninga er iverksett av Kulturdepartementet, og har vart sidan 2003. Totalt har ca. 114 millionar kroner vore gjeve i tilskot til utstyr i klubbar og barneidrettsskular.
Årets søknadsfrist er ikkje fastsatt, men den vil mest truleg verte i slutten av oktober. Meir informasjon kjem i byrjinga av september.
Meir om ordninga
Det kan søkjast støtte til utstyr som er innkjøpt frå 1. januar i søknadsåret.
Utstyr det kan søkjast støtte til er begrensa til ei liste for kvar enkelt særidrett.
Idrettsskular kan søkje om utstyr til bruk i idrettsskulen. Kontaktperson i idrettslaga vil i september få tilsendt ein e-post fra NIF der det står korleis ein søkjer.
De kan lesa meir på denne sida: http://idrett.forbundetonline.no/tema/stotteordninger/Sider/Spillemidlertilutstyr.aspx