Spennande bortekamp mot Trio

Det vart ein spennande kamp for Jenter 97/98 mellom Trio og Rosendal på Kvednabekkjen i kveld. Oppgjeret vart jamnt til slutt etter at Rosendal leia 2-0 ved pause.

Det var eit spent Rosendalslag som stilte til start med nykomponert forsvarsfirer. Pga skader og andre aktiviteter var ikkje nokon av dei fire som spela i forsvar mot Moster tilgjengleg til denne kampen.

Det viste seg snart at vi hadde ingen grunn til å frykte. Forsvaret fungerte glimrande og slapp Trio til med få sjansar i første omgang. Det som kom tok keeper seg av. I andre enden klarte vi å koma til fleire sjansar og ved pause leia vi 2-0 i ein heller jamn kamp.

Med tanke på at vi forrige kamp tapte etter å leda 2-0 var det ein spent gjeng som tok fatt på andre omgang. Etter å ha misbrukt 3 store sjanser i starten skjer det som ofte skjer at motstander får mål. Etter det såg det ut som om litt av piffen gjekk ut av jentene og Trio utlikna. I motsetning til i forrige kamp klarte vi å reisa oss igjen og gjekk opp i 3-2 leiing. Dette såg lenge ut til å bli sluttresultatet, men rett før slutt utlikna Trio til 3-3.

Alt i alt ein veldig god kamp av laget. Alle stod fram og kjempa så lenge kreftene holdt og litt til. Vi vart etterkvart prega av få innbyttarar og får håpe at fleire har anledning til å stille opp neste gong.

Måla vart scora av Julie (2) og Nathalie.

Frode