Spennande lokaloppgjer for lillegut 11
Lillegut 11 møtte Trio borte i 3 serierunde til det som viste seg å bli eit svært så spennande lokaloppgjer. Kampen opna med flott pasningspel av begge lag, men der forsvaret til Rosendal var bunnsolid, var det tilløp til kaos i Trio forsvaret kvar gong vi sette fart framover. Dette utnytta Ian allerede etter få minutt då han stakk igjennom og sikkert sette inn 1-0. Midtveis i omgangen sette han inn sitt andre for dagen, på ein ny overgang.
Omgangen fortsatte på samme måte, og gong på gong kom vi igjennom aleine med Trio målmannen, men ei blanding av uflaks og udyktighet i avslutningane gjorde at stillinga berre var 2-0 pause.
2. omgang starta med ei kanonheading i tverrliggaren av Torgeir, før Kristoffer dundra inn 3-0 på eit langskudd. Då trudde dei fleste at kampen var avgjort, men Trio reduserte til 1-3 rett frå avspark, og det var ny spenning igjen. Trio fekk krangla inn 2-3 reduseringa like før slutt, og då vart det for skikkelig dramatikk. Trio kasta no heile laget framover for å få ei utlikning, og dette førte til store kontringmulighetar for oss. Men marginane, og heller ikkje dommaren skulle det visa seg, var på vår side denne gongen. 4 gonger smalt ballen i tverrliggaren bak Trio keeperen i dag, og utallige andre sjansar vart sløst bort. På overtid kom ein Trio spelar igjennom, men ei fantomredning av Olav redda sigeren for oss, trudde vi.
For dommaren hadde ingen planar om å blåsa av kampen etter ordinær tid, sjølv etter utallige beskjedar frå det Rosendal dominerte publikummet om at tida var ute.
Rosendal fortsatte å spolera enorme sjansar, og då gjekk det som det ofte gjer. 10 minutt på overtid krangla Trio inn 3-3 etter møljespel i Rosendal feltet. Då fant dommaren ut at nok fekk vera nok, og bles av kampen få sekundar etterpå, til stor skuffelse for Rosendal spelarane.
Forhåpentligvis har vi no brukt opp uflaksen for i år, og håpar at spelarar og publikum stiller like engasjert til neste kamp, heime mot Odda kvit, torsdag 20 mai klokka 17:15.
Tekst/Foto: Erlend Bøyum