Spennande og bra fotballdag av jenter 13
I dag spelte både 7er og 9er laget kamper mot henholdsvis Strandulv og Trio. Først ut var 7er laget heima på kunsten i strålende sol med blå himmel. Dei som var med her var: Marte Bøyum (keeper), Martha Hjelmeland, Helene Skjelnes Vågen, Guro K. Leganger, Caroline S. Kjerpeseth, Lisa Jonetta Ølvestveit, Andrea Hjelmeland, Ina T. Sandvik, Sigrid Øyre, Annika Ø.Guddal og Thea S. Taranger.
Det stod mållaust og 0-0 etter halvspelt kamp, sjølv om Rosendal/Uskedalen hadde eit visst overtak. I 2.omg. fortsatte jentene med å etablera spel på St.Ulv sin banehalvdel, og fekk med det ein del cornere som endelig resulterte i både 1-0 og 2-0 etter 4 og 11 min. Først var det Sigrid som sette ballen i mål og deretter var det Annika sin tur. Etter dette hadde jentene god kontroll og auka leiinga etter 22 og 26 min. då Andrea var frampå to gonger. Siste målet etter retur frå skot av Ina. Ein fortent 4-0 seier etter at vi sleit lenge med å få hull på bullen mot eit godt St.Ulv lag.
Etter kampen var det 5 av jentene (Lisa Jonetta, Marte, Sigrid, Thea og Annika) som kjørte videre til Husnes for å spela 9er kamp like etterpå. Der hadde dei med seg: Eli Omvik, Ida Marie K. Eidsvik, Amalie H. Rød, Lene O. Furdal, Camilla M. Ripel, Silje Soldal og Hanna Tvilde.
Det blei ein jamn og tøff batalje som vanlig mot Trio jentene som var gode. Etter 22 min. var det Trio som tok føringa 1-0 etter noko nølande forsvarsspel. I pausen la vi litt om på både formasjon og roller for å få betre flyt og effektivitet i spelet. Det var ikkje lett å bryta gjennom eit tett og defensivt godt organisert Trio lag, men vi klarte det etter knallhard jobbing frå alle saman. Først var det Silje som utligna til 1-1, på retur etter kriging i boksen der Hanna skaut i stolpen. Jentene tok meir og meir over og i det 26.min. fekk vi eit fortent vinnarmål då Sigrid la igjen ein god støttepasning på høgresida, som Marte klarte å skyta eit fantastisk langskot over keeper og i lengste kryss. Det var ein fantastisk avslutning på ein spennande og bra fotballdag for jenter 13.
Yngve