Stålkontroll mot Stord 2

G16 Statkraft NC-SvartKvitt

Torsdag kveld var det klart for haustsesongens fyrste heimekamp for G16. I vår spelte vi 1-1 borte mot Stord 2, ein kamp vi hadde god kontroll på heilt til siste minutt då Stord fekk ein feil idømt straffe og utlikna. Torsdag kveld var det klart for å revansjera uavgjortresultatet på Stord. Og for ein revansj det vart.

Stord2 starta med avspark, men allereie etter 17. sekund leia vi 1-0. Torstein K. Olsen kom seg fri på høgre kanten og legg inn, ballen skrur inn mot mål og endar i nota i lengste hjørne. Bare halvtanna minutt seinare dreg Kristoffer Tangstad seg fint laus på venstrekanten, kjem seg innafor sekstenmeteren og vert felt, soleklar straffe. Torstein Myklebust scora sikkert på straffen.

Stord2 viser at dei har eit godt lag, men heimelaget jobbar og spelar betre og lar dei ikkje kome inn i kampen. Etter 15. minutt set Kristoffer ballen i stolpen, men ein våken Tord Guddal bankar inn returen og aukar til 3-0 som og vart pauseresultatet. Sord2 kom litt meir med etter 3-0 scoringa, men gutane gjere ein flott defensiv jobb og ein god Asgeir Vågen i mål tok dei få sjansane som kom.

I andre omgang var det Stord2 sin tur å scora tidleg, vi misser ballen i eiga forsvarssone og stordspelaren set ballen sikkert i mål etter 2 minutt. Heldigvis tok heimelaget tak i kampen att og satt igjen eit høgt press på bortelaget.

10 minutt ut i omgangen får vi frispark rundt midtbanen. Ian Bjørke har eit godt trykk i høgrefoten og klinkar som vanleg til. Ballen susar mot krysset og målvakta til Stord2 prøver så godt han kan å få ballen vekk, men den endar i mål og vi går opp i 4-1. No var Stord2 køyrd av lasset og heimelaget leika seg på banen.

Snorre S. Søllesvik kom inn på venstrekanten i andre omgang,  han snappar ballen på midtbanen og set full fart mot mål. Målvakta kjem ut og Snorre lobbar ballen kaldt og roleg over målvakta til 5-1.

Seks minutt seinare startar Torstein K. Olsen på sin ekte hat trick. I det 20. minutt set han eit brassespark bak målvakta og lagar 6-1, to minutt seinare brukar han hovudet og set inn 7-1 før han fire minutt seinare fastset sluttresultatet til 8-1.

Dette var ei solid oppvisning i god fotball, raske leveringar og løp, knallsterk jobbing for å vinna ballen og ikkje minst mykje positivitet på banen. Godt jobba gutar no ser vi fram til å reisa til Bremnes på onsdag J.

Desse var med (mål i parentes):
Oskar Jegteberg, Viljar Hatteberg Sætren, Lars Bondhus Bjordal, Jonatan Eskeland, Trym Guddal, Sander Myklebust, Stian Mælen, Asgeir Vågen, Ian Bjørke (1), Mats Løland Eik, Tord Guddal (1), Ola Hunstad, Sebastian Tufta Kirknes, Torstein Myklebust (1), Torbjørn Næs, Torstein Kristiansen Olsen (4), Snorre Solheim Søllesvik (1) og Kristoffer Tangstad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.