Stappfullt hus på fotballfest

Sundag var det duka for den årlege fotballfesten for aldersbestemte lag. Det var smikkfullt i Samfunnshuset. I år hadde til og med arrangøren sett ut fleire bord og stolar enn tidlegare, men likevel måtte ein finne fleir stolar til dei som kom sist.


Det vart delt ut premiar til 10 lag, klubbdommarar fekk velfortjent merksemd, samt sponsorane. Brus, kaffi, kaker og pølser vart servert, det var god stemmning og ein hyggjeleg avslutning på årets sesong.

Bileter frå festen kan du sjå her, alle bilete er teken av Håvard Sætrevik i Grenda