Starta hausten med storsiger

Småjente 13/14 fortsette der dei slapp i Norway Cup og leverte ein god kamp mot Moster. Etter 4-0 til pause endte kampen 7-2.

Haustsesongen er i gong og første kamp var heime mot Moster. Jentene starta kampen godt og 1-0 kom tidleg. Heile første omgang vart nærare einvegskøyring mot Moster sitt mål og det var ei fortent leiing med 4-0 til pause. Ingeborg fortsette der hos slapp i Norway Cup og scora 3 mål i ein god omgang. Julie scora det siste i omgangen på eit vakkert frispark.

Rett etter pause vart intensiteten i duellane litt dårlegare og det skulle ikkje meir til for å sleppe Moster inn i kampen. Etter to raske reduseringar frykta ein ei gjentaking av bortekampen på Moster, der vi leia til pause men tapte. Jentene gjekk i seg sjølv og viste sterk moral ved å koma inn igjen i kampen, ikkje minst etter eit par fine redningar av Thea. Etter to scoringar signert Ingeborg og Julie vart det meir ro og det var ingenting å sei på at Julie fastsette sluttresultatet til 7-2.

Alle på laget bidrog til denne sigeren og skal væra stolt over det dei presterte i kampen. Dette viser at der er viktig at alle som kan møter på kamp og vil vera med til det beste for laget.

Frode.