Startlister, løypekart og tidsskjema – Baroniløpet

Rosendal Turnlag arrangerer Baroniløpet søndag 18.april. Vi gler oss stort til å arrangera fyrste arrangement i 120-års jubileet vårt.  

Klikk her for løypekart og tidsskjema – Baroniløpet i PDF-format
– Det kan bli mindre justeringar på tidsskjema.

Klikk her for startlister Baroniløpet 2021

Avkryssing:
Det er ingen avkryssing når påmeldinga er bekrefta. Dersom du blir forhindra frå å delta må du gje beskjed til oppført epostadresse omgåande.

Retningsliner for konkurranse:
Vi fylgjer til ei kvar tid gjeldande reglar for konkurranser. Vi ber om at alle utøvarar, føresett/foreldre, trenarar, lagleiarar, presse m.fl. set seg inn i dei på førehand. Klikk her for retningsliner

Startnummer: 
Startnummer blir delt ut ved inngang til konkurranseområdet. Utdeling frå kl. 11:45.

Akkreditering:
Alle som ikkje skal delta må søkja akkreditering til jonathan@rosendal-turnlag.no  Vi treng fullt namn, mobilnummer og bustadsadresse.

Påmelding:
Det er muleg å melde seg på ut lørdag 17.april via mail: jonathan@rosendal-turnlag.no

Resultatservice/premiar:
Resultat blir opplest av speaker i konkurranseområdet, og elles lagt ut på Ris heimeside http://www.rosendal-turnlag.no i løpet av søndag den 18.april.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eleven + 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.