Sterk bortesiger i seriepremieren for J16

Jenter 16 reiste laurdag til Sotra for årets fyrste seriekamp. Møtte her Sund, som er dei to siste års kretsmester i denne klassen. Kampen starta bra, og alt etter 3 min ligg ballen i nota. Får til eit flott angrep der ballen går klikk-klakk frå høgre til venstre side der Mari OF plasserer den flott nede i hjørnet utagbart for målvakta. Etter dette kjem heimelaget gradvis meir med i kampen og kjem til mange avsluttingar. Heldigvis for oss går dei fleste utanfor målet, dei øvrige tek Åshild seg av. Kjempar godt ut omgangen slik at det står 1-0 til pause.

I varmen er det mange som begynner å bli slitne, dette på begge lag. Blir enige om å fortsette vårt spel og prøve å halde ballen i laget når vi kan. Og samtidig foberede oss på at det blir mange tunge løp, men at vi skal takle det minst like godt som heimelaget.

2 omg blir ein forholdsvis jevn batalje, med litt fleire sjangser til Sund. Det er difor ikkje ufortent at dei etter halvspela omgang får utlikninga. No trur vel kanskje heimesupporterane at det skal snu, men den gang ei. Jentene bretter opp armene og viser at dei ikkje vil gje seg uten kamp. Tar over meir av spelet, og etter bare drøye 5 nye minutt er vi i føringa igjen. Eit angrep endar til slutt på høgresida der Mari OF no spelar. Klinker den høgt i næraste hjørnet og ny jubel for bortelaget. Etter dette har begge laga målsjangsar, vi ein der ballen går mellom beina på målvakta men blir stoppa før den når streken. Sund fortset å skyte ein del frå distanse og får nokre hjørnespark, men det som treff mål tar Åshild seg greitt av. Dermed ender det med 2-1 i vår favør.

Kanskje er vi litt heldige, men og dyktige som dreg det i land. Jentene begynner å skjøna at det må 100 % innsats til for å oppnå resultat. Fortsett med det !!

Trekket med å flytte Sara opp på midtbanen slo og heldig ut i dag. Ellers skryt for god moral og haldning under heile kampen på samtlige.

Nøgde med resultatet, ser vi fram til neste trening for å prøve å bli enda litt bedre. 🙂

LK

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.