Sterk prestasjon av Sindre Omvik på Fana stadion

Sindre Omvik med start nummer 229. (c) Jørgen Pettersen, Norsk-Toppsport.no

Sindre Omvik med start nummer 229. (c) Jørgen Pettersen, Norsk-Toppsport.no

Etter mange gode terreng & gateløp dei siste vekene, m.a. siger i terrengløpskarusellen i Uskedalen, i Åkraløpet m ny løyperekord, og siger i Blømingsmile i Ullesvang, så deltok Rosendal Turnlags Sindre S. Omvik på 5000 m i Stor-KM på Fana Stadion denne helga. Her fekk han ein fin  fjerde plass, etter tre toppløparar frå IL Gular.

Sindre opna friskt og hengde med Gular trioen dei fyrste vel 2000 meterane, men ein kilometersnittfart på 2,54 min vart i raskaste laget. Stive bein gjorde at han måtte roa betydleg ned, men ikkje verre enn at han passerte 3000 m på gode 9,13 min. Etter at han måtte sleppa Gular-gutane, vart Sindre springane åleine, utan noko press. Han gjennomførte likevel sitt fyrste 5000 m baneløp på mange år med tida 15,50,03. Dette held til ein fin 4 plass i det sterke feltet. Både 3000 m og 5000 m tida er for øvrig personleg rekordar for Sindre, som aldri har sprunge desse distansane på bane tidlegare.

Sindre kunne truleg fått ei langt betre sluttid med ei forsiktigare opning, men ynskte å utfordra dei etablerte toppløparane, og for å finna ut kor han sjølv stod.
Han vart på ingen måte skremt, og satsar på at meir trening over tid – skal kutta avstanden fram til dei aller beste.
Vinnar vart forøvrig Per Svela med tida 14,38,98. Sjå  http://norsk-toppsport.no/per-svela-lop-sterkt-pa-5000m-i-kretsmesterskapet-pa-fana-stadion
Svela vart for øvrig nyleg nr 8 og beste nordmann i Nordic 10000 m Challenge i Danmark, så det var på ingen måte smågutar Sindre sprang mot.

Resultatliste her;   https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/hordaland/jan-arle/stor-km-resultatliste-komplett-2016.pdfNeste konkurranse for Sindre S. Omvik blir no 800 m og 1500 m i Framo-Leikane på Fana Stadion fredag & lørdag komande helg, før det heile blir avrunda med Trio-stafetten søndagen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.