Stor stas då Brannspelarane kom!
130 unge spelarar sto i kø for å få autografane til brannspelarane på fotballskulen i dag. Målvakta, Piotr Leciejewski, hadde meldt forfall og var erstatta med ein ung, lovande 16 åring, Håkon Holmefjord Lorentzen. Han var nok noko ukjent for ungane, men Kristoffer Barmen var tydlege meir kjent.
Brannspelarane skreiv autografar så «blekket» spruta, til og med Arvid fekk autografen nedskrive på handa. Kor tid handa vert vaska neste gong er framleis ukjent.
Etter autografskrivinga var unnagjort vart spelarane frå Bergen med på fotballskulen. Dette er alltid lika kjekt for ungane som deltek på arrangementet.
Her er nokre bilete frå autografskrivinga.