Stord 2 – Rosendal 1-5

Bortekamp mot Stord 2 ,23.05 kl. 18.30. Stord 2 er ein av favorittane til å vinna gruppa denne vårsesongen (2-delt sesong med kvalifisering for opprykk til 1. divisjon til hausten). Gutane frå Indre luten har meldt seg på i opprykkskampen, ingen tvil om det! Strålande solskin og sommartemperatur var ei flott ramme rundt kampen. Domaren la inn ekstra drikkepausar i kvar omgang, og vi hadde med vannbøtter for ytterlegare nedkjøling. Godt forberedt!


Løvene frå Rosendal imponerte med meget bra spel. Stord begynte best og var gode til å skyve i breidde med ballen i laget, tydelig innøvd. Men det hjelper lite mot eit godt organsert lag som ikkje skapte rom for Stord å bevega seg i. Stopperparet til Rosendal med nyervervelsen Tobias og Kurt Raymond hadde ein strålende kommunikasjon og duellsterke som få. Imponerande! Heller ikke på kantene var det rom for Stord, Hermund og Marius hadde stengt dørene. Stord prøvde med nokon gode forsøk på langskot, men vår sisteskanse Eivind var på rett plass og rydda opp i dei få forsøka som kom.

Rosendal fekk første målet ganske tidlig i 1. omgang, og økte på til 2-0 kort tid etter. Simon, Jakop og Sondre var gode. Simon rettvendt er ingen spøk. Sondre med godt overblikk og eit flott driv, skapar store rom i motstandarens forsvar og det likar vi 🙂 Jakop god i duellane og fine pasningar i bakrommet. Stord klarte å få ei utligning, og ved pause stod det 2-1.
I pausen var det i grunn lite å ta tak i, men litt fokus på duellar og spele meir i laget for å unngå for mykje løping i varmen, var eit tema. Vi var fast bestemt på å vinne andre omgangen også.

Må nemne kantane på midten med Hans Fredrik og Henrik som var gode i duellspelet og hadde fleire gode innlegg. Vi kunne faktisk hatt fleire mål, men var litt uheldige på avslutning foran mål, noe Stord var glad for. Håvard var sterk i midtforsvaret.

Vi fortsatte med å spele god fotball i andre omgangen. Då tok vi over det spelemessige og fekk betalt for det. Stilling: 3-1, 4-1, 5-1. i vår favør. Stord hadde med seg fleire av 1.-lagsspelarene sine (Stord 1) men stålsatte indrelutengutar tullar du ikkje med! Vi hadde gode byter med Vegar Bauge som kom inn sentralt. Mats (99 modell) mønstra på venstre kant då krampa tok Hans Fredrik. Alexander med flott innsats på venstre back, og Eirik kom inn på slutten for Simon. Bra innsats gutar!
G16-laget ligg no som serieleiar.

Målscorarar: Simon Korttila 3, Sondre Eskeland 2

Gule kort: ingen.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Hermund Døssland, Kurt Raymond Jegteberg, Tobias Frislev, Marius Myklebust, Håvard Furdal(kaptein), Sondre Eskeland, Jakop Tveit, Henrik Bauge, Hans Fredrik Zimmer, Simon Korttila.
Innbytarar: Vegar Bauge, Alexander Fredheim, Eirik Fausk og Mats Olsen.

Raymond Olsen
Trener G16