Stordleikane
I helga vart Stordleikane arrangert. Her møttes heile vestlandet i friidrett. Frå Rosendal Turnlag stilte Sondre Eskeland (13), Kristoffer
Eskeland(10) og Anders Bennæs(12). Desse flotte gutane markerte seg med fleire gode resultat.
![]() |
Gullgutane fv Anders Bennæs (12)og Sondre Eskeland (13) |
Sondre Eskeland (13) tok gull i Diskos med over 30 meter. Han kom til finalen i 60 m i eit særs sterkt heat der det vart satt banerekord. Sondre fekk ein flott 4. plass med tida 8,07. Sondre kom på 5. plass i lengde (4.68 meter), etter fleire ugyldige hopp rundt 5 meter.
Anders Bennæs (12) tok gull i lengde (4.33 meter) og høgde (1.40m), sølv i 800 m (tida 2.37), og bronse i liten ball (40 m). Anders kom på 5. plass i 60m (9.13)
og 40m (6.58).
Kristoffer Eskeland (10) som hadde sitt første store stemne, hevda seg høgt oppe på listene i fleire øvelsar og satte fleire personlege rekordar.
Fleire resultat ligg på Stord il.no