Storsiger for G11 mot Odda

Då var endeleg fyrste sigeren for sesongen i hamn. Gutane storspelte mot Odda i ettermiddag og vann heile 6-1 til slutt. I motsetning til forrige kamp mot Solnut, då gutane ikkje var på nett frå start, var dei definitivt på nett frå start i denne kampen.


Vi starta med godt press mot gjestene, vi visste dei var gode så det var bare å gje gass. Etter nokre minutt satt Sebastian fortent inn 1-0. Kampen bølga etter det litt fram og tilbake, der begge lag hadde sine sjansar. Ein god Ola i mål gjorde nokre fabelaktige redningar som lenge gjorde at vi holdt nullen. Men når det er sagt så hadde vi eit kontant og godt forsvar som rydda opp det meste.

Nokre minutt før pause fekk Odda utlikninga si, fortent sidan fyrste omgang vart etterkvart jamn.

I pausen snakka vi om å fortsette å vera pålogga og ikkje slappa av. Gutane gjekk inn i andre omgong med ein formidabel innsats og etter ei stund fekk vi betalt. Sebastian skora 2 til medan Marcus skora 2 etterpå. Jonatan bokstavleg tala avslutta kampen med å setta inn det sjette og siste målet.

Dette var den beste kampen vi til no har spelt. Samtlige 14 spelarar i alle ledd jobba hardt og gjorde det vi var blitt einige om på førehand når dei var på banen. Ikkje minst fekk vi til spel på kantane som har vore fokus på treningane i det siste. Godt jobba gutar!! 

Då kampen var ferdig kom Arvid'en og spanderte chips på gutane, det vart satt stor pris på.

Neste kamp er borte mot Harding, med samme innsats som idag skal Harding spela godt for å slå desse karane.

Desse var med:

Torbjørn Haugland Nes, Ola Hunstad, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Jonathan Eskeland, Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Tore Eriksen, Johannes Hellesøy, Sebastian Tufta Kirknes og Marcus Hylland Såtendal.