Storsiger i Herøysund for G11
G11 gutane hadde ein hengekamp att frå vårsesongen, denne gjekk i kveld borte mot Herøysund. Spelarar frå Rosendal er ikkje vane med grusbane no til dags, men dei klarte seg veldig bra likevel.
Målet vårt var å spela langs bakken og bruka bredda på banen. Dette greide gutane betre enn i forrige kamp.
Det skulle ikkje ta lange tida før vi gjekk opp til 1-0, og vi gjekk forholdvis kjapt opp til 5-0. Då fekk Herøysund setta innpå ein ekstra spelar og gjekk straks i angrep og reduserte til 5-1 som og vart pauseresultatet.
I andre omgong slapp vi ikkje Herøysund til ein einaste gong, og Ola i mål hadde ein roleg dag på «jobb». Målvakta til Herøysund hadde ein desto hardare dag på jobb og måtte tilslutt sjå at 13 ballar gjekk bak i nota. Vi reiste heim med 13-1 siger, no er det Odda som står for tur komande torsdag heime på kunstgraset klokka 18:30.
Desse var med (mål i parantes):
Ola Hunstad, Torbjørn Haugland Nes (2), Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Øystein Enes, Espen Andre Jonassen (1), Jonatan Eskeland (3), Tord Guddal (1), Torstein Kristiansen Olsen (2) og Marcus Hylland Såtendal (4).