Storsiger i lokalderbyet!
Rosendal dominerte heile fyrste omgong i heimekampen mot Halsnøy i kveld, og kunne gå til pause med ein fullt fortent 3-0 leiing.
I starten av andre omgong haldt heimelaget på å sleppe Halsnøy inn i kampen att. Halsnøy fekk fyrst straffe som dei skåra på. Nokre minutt seinare vart ein knallgod corner kjempa i mål av Halsnøy. No såg Halsnøy håp, men heimelaget tok tak i kampen att og ikkje lenge etter reduseringa til Halsnøy auka Rosendal til 4-2. Derifrå og ut hadde heimelaget full kontroll og skåra 2 til. Dermed vann Rosendal heile 6-2 i ein underhaldande og god kamp.
Vi gratulerar karane med siger og ynskjer dei ein velfortent sommarferie.