Storsiger mot Trio

Tysdag kveld var det klart for fyrste heimekamp for G14. Trio 1 var motstandard, og etter at vi tapte mot Solid i fyrste kamp var gutane særs klare for ein siger.

Laget har utvikla seg godt i vinter, vi har spelt på små flater og hatt fokus på å slå ball på dei vi ser. Dette viser igjen i kamp, gutane er flinke til å prøva på småspel, men og å variera med lange gjennombruddspasningar.

Med 13 spelarar i troppen er vi no særs glade for at G12 gutane William Svendsen og Øyvind H. Næs har teke steget opp til oss. To lovande unge spelarar som klarar seg godt på banen i lag med 14 åringar.

Vi bestemte oss i garderoben for å stå høgt på banen, og legge press på Trio. Trio fekk då vanskar med å spele seg ut av eige forsvar og vi plukka den lange ballen som kom.

Som sagt så gjort, vi vann ballen høgt på banen, kom rundt på kantane og fekk lagt inn. Dette vert det sjansar av og til pause leia vi 2-0 etter at Sebastian putta fyrste og Øystein banka inn andre frå dryge 18 meter.

Pausen vart nytta til vatn og bananer, det var ikkje mykje å sei, men endo hadde  vi litt å gå på med bredda i spelet.

Etter nokre minutt i andre omgong kom 3-0 målet, Torstein setter ballen til side for målvakta og i mål. Like etterpå er Marcus framme på ein retur frå målvakta og set ballen sikkert i nota.

No var det tid for at debutantane Øyvind og William fekk testa 11 ar fotball. William tok plass på høgrebacken, med slepen teknikk og god fart i beina hadde han null problem med å passe på trio sine kantspelarar. Øyvind tok plass på venstrekanten, også han med flott ballkontroll og fart.

Trio lagar frispark utanfor 16 meter, Sander tek fart og set ballen bak både mur og målvakta, 5-0.

Torstein legg på til 6-0, før Øyvind vert spelt gjennom og nyttar farten sin, skyt fyrst i stolpen før han bankar inn returen sjølv.

Siste målet er eit «Maradonna-mål». Sander startar frå eigen banehalvdel, driblar kvar einaste spelar på vegen mot mål og plasserar ballen til side for målvakta, ein flott prestasjon.

Mykje god fotball i kveld, sjølv om vi kan bli enno betre på å få fart på ballen i lengderetningen. Dette kjem etterkvart, det er ikkje bare bare å brått spela på stor bane.

Takk for ein god kamp gutar, og takk til dommar Jarand Naterstad som dømte rettferdig og godt i sin fyrste 11ar kamp. 

Desse spelte (mål i parantes):

Ola Hunstad, Lars Bondhus, Øystein Enes (1), Torbjørn H. Næs, Sander S. Myklebust (2), Jonatan Eskeland, Torstein K. Olsen (2), Tord Guddal, Jaran E. jensen, Harald M. Lekva, Sebastian T. Kirknes (1), Øyvind H. Næs (1), William Svendsen, Marcus H. Såtendal (1) og Kristoffer Tangstad.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

18 + eight =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.