Storsiger til damelaget

Frøya gjesta rosendalsdamene sundag ettermiddag til årets første seriekamp. Rosendal spelte ein knallbra første omgong og leia 6-0 til pause. Andre omgongen var spelet litt prega av den store leiinga, men mot slutten putta jentene tre til og vann fortent 9-0.