Storslått gåve frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad

Styret i Sparebank 1-stiftinga har løyvd heile kr 105.000,- til nye 5`ar og 7`ar mål til Rosendal Turnlag – Fotball. Dette er ei særs kjærkomen gåve som mange vil få glede av. 

Med ein slik sum vil det verte eit betydeleg løft for rosendalsfotballen. Planlegginga av innkjøp er allereie starta, og denne gongen skal kvalitet og hjul prioriterast.

Rosendal Turnlag – Fotball takkar audmjukt stiftinga for gåva, og lovar den skal skapa mange gode fotballstunder!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.