Storspel av Lillegut 11
Lillegut 11 har spela 3 kampar sidan sist oppdatering, og det har gått over all forventning. 10 juni var vi på Halsnøy til siste kamp før ferien. I starten av kampen såg ut som om vi allerede hadde tatt sommarferie, og Halsnøy gjekk tidlig opp til 1-0. Dette vekte gutane, og Kristoffer utlikna like etter til 1-1. Utover i kampen tok vi meir og meir ver spelet, og 3 nye mål av Kristoffer, Kristian og Ørjan gjorde at vi til slutt kunne reisa heim med ein fortent 4-1 siger.
26 august var Trio på besøk til årets første haustkamp. Etter den spennande bortekampen mot samme lag rekna vi med eit tett og jevnt oppgjer, og dette skulle visa seg å stemma.
Ian var tilbake i slag på topp, og på goalgetter vis fekk han lurt inn både 1-0 og 2-0 i første omgang. Trio reduserte til 2-1, før Kristian banka inn 3-1 med eit skot heilt oppe i krysset etter ei nydelig kontring. Like før pause mista vi konsentrasjonen, og Trio fekk krangla inn 3-2 like før halvtid.
Spelet fortsatte å bølgja fram og tilbake i 2. omgang. Ian fullførte sitt hat-trick då han sette inn 4-2 målet, men Trio gav ikkje opp, og reduserte nok ein gong. På slutten av kampen pressa Trio hardt for å få utlikninga, men Olav stod glimrande i mål og vi klarte til slutt å dra i land 4-3 siger.
2 september reiste vi til Odda for å prøva å få revansj mot Odda kvit etter 6-3 tapet i vårkampen. Heimelaget stilte litt redusert og det viste seg raskt at det var store mulighetar for siger. Vi starte klart best, men på sitt første virkelige angrep gjekk Odda opp til 1-0. Ian var frampå likke etter og styrte inn 1-1. Kristoffer ordna 2-1 etter glimrande forarbeid frå Kristian, og eit sjølvmål av Odda gjorde at vi leda komfortabelt 3-1 til pause.
Andre omgang fortsatte samme stil og Ian nikka inn 4-1 på hjørnespark. Etter dette virka det som om vi trudde at sigeren var sikra, og vi inviterte heimelaget inn igjen i kampen. Dette førte til at 4-1 plutselig var blitt til 4-3, og ny spenning. Gutane tok tak i seg sjølv igjen, og Kristoffer dundra inn 5-3 etter flott spel, og Torgeir sette inn 6-3 med eit hælspark etter hjørnespark, noko som og vart sluttresultatet.
Neste kamp er heime mot Odda raud torsdag 9. september klokka 17:15, og alle er velkomne til å sjå på.
Klikk på bileta for å få dei større.
Tekst/foto: Erlend Bøyum