Storspel i Øystese
G13 reiste til Øystese på laurdag for å spela siste kamp for sesongen. Etter eindel motgong med marginar som ikkje har gått vår veg, håpte vi å ta poeng frå eit Øystese i frammarsj.
Det tok ikkje lang tid før at underteikna skjønte at her kunne vi ta poeng.. Gutane starta med høgt tempo og høgt press, samstundes som forsvaret vårt hamla opp med lange ballar som vart slått opp på ein høg spiss.
Likevel var det Øystese som skora fyrste målet. Etter eit hjørnespark enda ballen i returrommet og eit hard skot vart satt midt i mål. I og med at gutane hadde dominert til no var dette noko ufortent.
Gutane gav på ingen måte opp og berre ti minutt seinare kom målet. Vi rullar opp på høgresida, får lagt inn og skote. Målvakta gjev retur og Sander bankar ballen i mål. Stillinga 1-1 stod til pause.
I andre omgong var knapt Øystese over midtbanen. Gutane rulla opp angrep etter angrep både på høgre- og venstresida. 2-1 målet kjem når det er 15 minutt igjen. Eit flott spel på venstresida med klikk-klakk fotball, endar med skot frå Torstein. Målvakta gjev retur og Jonatan let seg ikkje be to gonger. Han angrip ballen og set inn vinnarmålet på ein flott volley.
Dermed fekk vi endeleg hol på byllen. Gutane kjempa som heltar dei siste minuttane då Øystese køyrde på med alt dei hadde. Heldigvis sto dei imot og eit høgare jubelrop enn det gutane presterte då dommaren bles av, skal ein nok leita lenge etter.
Eg vil takka gutane for ein god sesong. No tek vi pause ei lita stund før vi rullar 11`ar måla på banen og startar oppkøyring til neste sesong. Då vert det 9`ar fotball med store mål.
PS! Stor takk til Britt som hadde baka skillingsbollar til laget. Desse var gode å ha på heimveg:)
Desse var med: (mål i parantes)
Ola, Marcus, Torbjørn, Tord, Lars, Sebastian, Torstein, Harald, Øystein, Jaran, Jonatan (1) og Sander (1).