Strålande seriestart for G16

Sundag 23. april var startskotet for ein hektisk vårsesong for G16. Tilsaman 9 kampar skal spelast pluss at nær halvparten av gutane og spelar seniorkampar. Os2 var motstandar i serieopninga og dei fekk ingen enkel kamp i Rosendal.

Heimelaget tok tak i kampen i det fløyta gjekk og pressa osingane lavt i banen. Så og seia samtlege duellar vart vunne av eit aggressivt og godt heimelag. Agressiviteten kan diverre føre til skadar og Torstein måtte ut med ein kneskade allereie etter nokre få minuttar. Litt omrokkeringar vart det etter skaden, men det tok ikkje lange tida før laget hadde satt seg att. Etter nokre gode sjansar utan uttelling opna satte endeleg Jeppe målshowet med å sette inn 1-0 etter 15 minutt. No var det mykje godt og variert angrepsspel og osingane heng ikkje med i heile tatt. Før dommaren bles til pause hadde Marcus putta to og Jonatan eitt. Dermed gjekk vi til pause med 4-0.

Det var ikkje mykje å justere på i pausen, gutane spelte godt.

I andre omgong kollapsa eigentleg osingane totalt. Heimelaget skal ha skryt for at dei står på heile kampen sjølv om sigeren aldri vert truga. Gutane gav seg ikkje før dei hadde scora 9 mål i omgongen. Sluttresultatet vart då heile 13-0.

Som mange har fått med seg så trene A-laget og G16 i lag i år. Dette har heilt tydleg gjeve resultat i form av aggressivitet og plan i spelet til gutane. Vidare skal nemnast at vi i denne kampen hadde med oss 4 spelarar frå G15, Sander, Jeppe, Tord og Nikolai. Desse karane gjorde ein veldig god kamp og utfyller G16 gutane på ein glitrande måte. Vi er og heilt avhengig av å ha med oss desse gutane til kampane framover ettersom vi ikkje er fleir enn vi må vera i G16 troppen.

Desse var med på kampen, mål i parantes:

Ola, Torbjørn (1), Torstein, Kristoffer, Sander S (1), Tord Aa, Tord G (3), Nikolai, Sander M, Marcus (3), Jonatan (1), Sebastian (1), Trym (1), Snorre (1) og Jeppe (1)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two × five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.