Styemøte i Åkra

Dei som spelar i aldersbestemte klassar i Rosendal kjem frå strekninga frå Mauranger til Åkra og ut til Uskedalen. Av den grunn syntes vi det kunne vera på sin plass å halda styremøte utanfor Rosendal ein gong -eller kanskje fleire gonger også.

Styremøtet i fotballgruppa vart difor for første gong halden utanfor Rosendal.

Denne gjengen tok turen over fjellet, langs Matrefjorden og inn til Åkra. Her hadde vi ein fin samankomst der vi handsama 20 fotballsaker, og fekk oss litt i magen også.

Bh Lars Emil

Leiar Rosendal fotball

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.