Styreleiar i Rosendal Turnlag erklærer seg inhabil i arbeidet med framtidig idrettshall

Styreleiar i Rosendal Turnlag erklærer seg inhabil i arbeidet med framtidig idrettshall


Styreleiar i Rosendal Turnlag, Jostein Hattberg, har etter årsmøtevedtaket om å plassera fleirbruks friidrettshall mellom Malmanger Skule og Rosendal Ungdomsskule – erklært seg inhabil i arbeidet som har med nemnde hall å gjera. Det skjedde alt i det fyrste styremøtet etter årsmøtet, men har inntil no ikkje blitt kommunisert ut.

Som styreleiar i Rosendal Turnlag stilte eg meg fullt bak eit samla hovudstyret si innstilling om plassering av idrettshall over elva, eller alternativt i Skålafjøro, men då årsmøtet i laget stemde dette ned, – så vart det uråd for meg å ta del i dette arbeidet vidare. Det fordi eg har eigne næringseigedomar og interesser i det aktuelle området, samt eit langvarig og godt naboskap med dei berørte naboane.Når no fyrste utkast av Områdeplanen for Rosendal nærmar seg klargjering for fyrste presentasjon, ser eg det som naturleg å orientera det offentlege og Rosendal Turnlags medlemar om dette seier Jostein Hatteberg.

Eit samla hovudstyre i Rosendal Turnlag stiller seg bak og tykkjer det er ryddig at styreleiar erklærer seg inhabil i alt arbeidet med framtidig idrettshall, sjølv om han held fram som styreleiar i laget. 

Øvrige styremedlemer i Rosendal Turnlag vil ta seg av det vidare arbeidet med framtidig fleirbruks idrettshall i bygda.

Spørsmål? Ta kontakt med daglig leder Jonathan Byrkjenes mob. 908 65 722 eller Klikk her for mailadresse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.