Styrkeløftstemne
Styrkeløftregion Vest arrangerte laurdag 19. september regionsmeisterskap i benkpress i gymsalen i Rosendal. Rosendal Turnlag varta opp med lokale og praktisk hjelp til førebuing og gjennomføring. Totalt 33 løftarar frå heile vestlandet var påmeld og det vart kjempestemning i gymsalen med god hjelp av ein speaker frå Bergen og musikk som dundra i veggane. På det meste var det tett opptil 100 personar i salen med løftarar, funksjonærar og tilskodarar.
Dei to lokale deltakarane Raymond Olsen og Kurt Raymond Jegteberg gjorde ein god innsats og fekk høvesvis sølv- og gullmedalje i sin klasse. Det var ei brei deltaking frå fleire perspektiv med deltakarar i mange klassar heilt frå jenter og gutar aldersklasse 14-18 år og heilt opp til menn og kvinner i klasse veteran 70 +. Også to rullestolbrukarar gjorde imponerande løft, noko som fortel litt om kva moglegheiter idretten har.
- Raymond Olsen i aksjon
- Raymond og Kurt Raymond
- Alle dei mannlege deltakarane
Verdt å nemne er at det vart satt norgesrekord for begge kjønn i aldersklasse veteran 70+. Spesielt imponerande var Rolf Halvorsen i klasse 70+ med kroppsvekt under 66 kg som løfta 87,5 kg. Arrangøren var meget fornøgd med arrangementet og snakkar allereie om eit mogeleg nasjonalt meisterskap i Rosendal eit par år fram i tid.