Surt tap for J14

Mykje folk pa kampPå laurdag var det klart for årets tredje kamp for J14, heime mot Arna/Bjørnar. Dei hadde som oss fått ein god start på sesongen og vi såg for oss ein tett og jamn kamp, noko det og vart.

I det dommaren bles i gang første omgang gjekk Arna/Bjørnar rett i angrep, og kun ei kjemperedning frå May Beate gjorde at vi ikkje låg under med 0-1 allereie etter 30 sekund.

Etter sjokkopninga jobba vi oss inn i kampen og overtok etter kvart initiativet i kampen, men to gode forsvar gjorde sitt til at det var langt mellom sjansane i starten. Etter rundt 10 minutt vart Lisa Jonetta spelt fri, men Arna/Bjørnar sin gode keeper fekk ei hand på ballen.

Utover i omgangen dominerte vi meir og meir, og siste halvdel føregjekk stort sett på motatandar sin banehalvdel. Uheldigvis for oss kom det alltid ein fot eller målmann i vegen heilt til Hanna klemte til på langskudd. Uhedligvis gjekk skuddet i teverrliggar, ned i ryggen på keeper og ut over dødlinja til corner. Etter stort press og mange hjørnespark, kom endelig leiarmålet då Sigrid knalla inn 1-0 etter 33 minutt, noko som og vart pauseresultatet.

Arna/Bjørnar starta andre omgang best, og etter 12 minutt kom utlikninga til 1-1 etter at vi ikkje klarte å klarera i feltet.

Etter dette overtok vi initiativet igjen, men motstandarden hadde eit solid midtforsvar som gjorde at det var langt mellom dei store sjansane.

Fem minutt før slutt kjem det ei kontring frå Arna/Bjørnar. May Beate redda flott i første omgang, men ballen vart liggande fri i feltet, og motstandarden sin spiss fekk kasta seg fram og sett inn 1-2.

Dei siste minuttane sendte vi alle mann i angrep, og då gjekk det som det ofte gjer. På overtid kom det nok ei kontring, og med kampens siste spark på ballen sette Arna/Bjørnar inn 1-3.

Etter å ha hatt god flyt dei første kampane, vart dette ein dag der vi hadde marginane mot oss. Vi følte vel alle at dette var ein kamp vi skulle ha avgjort allereie etter første omgang, men fotball er ikkje alltid rettferdig, og det er vel og noko av sjarmen med denne sporten.

Det vi tek med oss er at vi nok ein gong var spelemessig best og skapte sjansar, så satsar vi på at det løsnar igjen  framfor mål neste kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

9 − 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.