Suveren siger til jenter 16
Jenter 16 tok idag imot Nest-Sotra heime på graset. Nest-Sotra fekk ein hard tørn mot rosendalsjentene. Allereie etter 15 sekund stod 1-0 til heimelaget etter eit fint gjennomspel til Inga. Inga gjorde ingen feil og satte ballen bak målvakta til Nest-Sotra. Rosendal hadde totalt kontroll på kampen og spelte seg fram til den eine sjansen etter den andre.
Utover i omgangen vart det gode presset overført til mål, og til pause var det heile 5-0 til Rosendal.
Andre omgong starta nesten som fyrste, det tok nemleg ikkje lange tida før heimelaget gjekk opp til 6-0. Vidare godt spel førte til 7-0 og 8-0, før bortelaget kom med eit sjeldan angrep og scora eit trøystemål. Dette hindra ikkje heimelaget i å fortsetje det gode presset, og mot slutten putta dei to til og resultatet vart heile 10-1 til jentene.
Det er ingen tvil om at dette jentelaget kan hevde seg i DanaCup om nokre veker, det vert spanande å fylgje dei der. Trenar teamet Magne, Yngve, Ivar og Hildegunn har bygd opp eit lag som spelar ball og har eit system på spelet. Gratulera med sigeren.
Målscorarar: Ingebjørg 4, Helene 3, Julie 2 og Inga 1
Her er mange bilete frå kampen, og de vil sjå at Rosendal hadde mange sjansar