Takk for ei flott NorwayCup veka

Då var cupeventyret over for denne gongen. Gutar 16 vann fortent 3-1 mot Bergsøy og sikra dermed bronsemedalje i A-sluttspelet. Jenter 13 spelte 0-0 mot Nittedal etter suddendeath, og sikra dermed gull i B-sluttspelet. Kanoninnsats!!

Takk til alle dei dyktige spelarane vi har hatt med oss, og som har gjort NorwayCup til ei minnerik veka for oss alle.

Takk til alle trenarar, lagleiarar og føresette som har vore med å gjort turen mogleg.

Takk til alle publikummarar som har heia spelarane våre fram, det betyr enormt for dei som spelar kamp og oss på sidelinja.

Takk til våre sponsorar då ikkje minst Kvinnherad Elektro, som sponsa livesendingane.

Takk til alle som har fylgt oss live på Facebook og kome med gode kommentarar og «heiarop».

Takk og til dykk som har filma livesendingane, utan dykk ville vi ikkje fått det til.

Til slutt takkar vi sjølvsagt Håkon og Atle Jarle som nok eingong passar på at vi kjem oss trygt fram og tilbake til Oslo med bussane.

Takk for oss, kanskje vert det cupeventyr neste år og?

Vi har no trekt ut ein heldig vinnar blant alle som har «likt» ein eller fleire «livesendingar». Den heldige vinnaren er Kristian Hansen frå Uskedalen. 
Kristian får gåvekort på komfyrvakt ferdig montert av Kvinnherad Elektro. Vi gratulerer 

PS! Seriestart er allereie neste veke så det er fullt mogleg å få med seg god fotball av Rosendal/Uskedal i heile haust 👌😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 + three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.