Takk til alle som bidrog på fotballskulen

Fotballskulen 2014 var rekordstor med 141 deltakarar, 83 gutar og 58 jenter, frå heile Kvinnherad. Dette er det meste vi har hatt av deltakarar nokon gong. I tillegg var det 22 stk med på keeperskulen.

Vi vart velsigna med eit flott sommervær og det var kjekt å registrera så mange positive ungar, ungdomar og vaksne.

Rosendal T.L. Fotball vil takke alle som var med å gjera dette til ei positiv oppleving. Takk til alle instruktørar, matansvarlege og alle andre som gjorde ein flott jobb.  Det kan og nemnast ein familie som bidrog sterkt, familien til Magne Skår og Hilde Olderkjær var innstruktøra for kvar si gruppe, Tina og Nathalie var instruktørar og dei to yngste, Ida og Emil var deltakarar på fotballskulen.

Helsing
Rosendal T.L.
v/Arvid Nes

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twenty + seven =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.