Tap borte mot Sotra

Rosendal 2 J16 var fredag til Sotra for å spele utsett kamp. Ei opplading med kamp dagen før, og skuletur til Myrdal same dag, gjorde sitt til at laget ikkje var på høgde og tapte fortent 4-0.

Når opplading til kamp består i å plastra gnagsår og få orden på ømme musklar og solbrent hud seie det seg sjølv at det ikkje er å føretrekke. Optimal inngang til kamp hadde vi ikkje.

Dette var ein utsett kamp frå forrige helg, då vi ikkje klarte å stille nok spelere. Sotra viste tidleg at dei var meir i kampform enn oss og vann stort sett alle duellar. Jentene på Sotra hadde stor innsats gjennom heile kampen, diverre litt i overkant enkelte ganger. I tillegg var dei meir effektive enn oss. Dei sjansane vi hadde gjekk enten rett på ein god keeper eller i stolpane. Alt i alt ein fortent seier til Sotra. Vi får gje dei meir motstand heime til hausten.

Neste kamp vert og borte, denne gong på Askøy mot Ask.

Desse var med: Thea A Helgesen, Marit D Guddal, Anne Marthe Mehl, Astri M Skeie, Elisabeth Rebaudo, Juni Malene Ulvesæter, Renate Alfarnes, Mone Andrea T Førland, Nathalie S Olderkjær, Julie S Olsen, Mailin Klette, Maria O Hardeland, Helena S Riise, Leonie Pauline Zimmemann og Ingeborg S Ljostveit.

Ei stor takk til dei foreldre som var med og kjørte. Det vart ein lang kveld 🙂