Tap for 1998 jentene
Det vart tap for 1998-jentene heime mot Odda Rød. Det stod 1-1 ved pause, men Odda-jentene var svært effektive framfor mål i 2. omgang og vann til slutt fortent 5-1. Mange foreldre og andre møtte fram på kampen, og det er ekstra moro for jentene med ein stor heiagjeng på sidelinja.
To kampar gjenstår før ferien, borte mot Solnut 9/6 og heime mot Skare 18/6. Når det gjeld kampen mot Skare så kjører vi frå Samfunnshuset kl. 15.40.
Knut Førland
Trenar
Lillian Tveit
Oppmann