Tap for damelaget

Damelaget spelte borte mot Hordabø i sin andre seriekamp for året i 3. divisjon. Diverre vart Hordabø for gode for damelaget og det enda 7-2 i favør Hordabø.


Damelaget hadde kun 11 spelarar med seg til Bergen. Ei av desse var strekkskada og måtte stå i mål. Målprotokollen viste 7-0 til pause, i andre omgong klarte Rosendalsdamene å putta to mål.

Vi får håpa og tru at stallen vert større til neste kamp.