Tap for G13-laget i Odda
Tysdag kveld var det klart for toppkamp i G13 – pulja. Heimekampen mot Odda enda 3-0 til Rosendal, medan i bortekampen enda det med 3-1 til Odda.Rosendalsgutane tok kommandoen frå start, spelte ball og skapte nokre halvsjansar. Etter rundt 15-20 minutt fekk vi frispark skrått utanfor 16 – meteren. Sander lada kanona og banka ballen kontant i mål, 1-0. Odda sin taktikk var å slå opp på sin gode spiss, når dei traff vart det farleg, men Ola i mål gjorde ein kjempejobb. Likevel greidde heimelaget å utlikna før pause.
I andre omgong storspelte rosendalsgutane. Fekk ballen til å gå og det såg lyst ut i høve poeng, men forsvaret til Odda gjorde ein god jobb. Uheldigvis var vi litt uoppmerksame mot slutten av omgangen og Odda greidde å setta 2-1 målet. Vi måtte ha mål og satsa framover, dette resulterte i at Odda gjekk opp i 3-1 som og vart sluttresultatet.
Skryt skal gutane få, alle spelarane gav alt og har nok sjeldan sprunge så mykje i ein kamp. Odda stilte og med to G14 spelarar, desse viste godt igjen på banen.
Etter kampen fekk vi og vita at fotballkretsen godtok vår protest i bortekampen mot Strand.Ulv. I denne kampen brukte Strand-Ulv to G99 spelarar i samme kamp. Dei har dispensasjon for å bruke ein i kvar kamp, men ikkje to. Dermed vart det 3 poeng i den kampen.
No ligg Odda føre oss med 3 poeng etter at dei har spelt ein kamp meir enn oss. Vi får Strand-Ulv på besøk neste torsdag, med siger her så er vi a-poeng med Odda, kun målforskjel vil då skilja laga. Men kampen skal spelast fyrst og Strand-Ulv har eit godt lag så full skjerpings må til.
Desse var med (mål i parantes):
Ola, Sander(1), Lars, Øystein, Torbjørn, Harald, Espen, Torstein, Tord, Jonatan, Marcus, Jaran og Sebastian.