Tap i første heimekamp

Småjenter 97/98 måtte gje tapt i første heimekamp for sesongen. Motstander var Stord 2, eit av dei bedre laga i pulja.

Starten på kampen var jamn. Sjølv om vi til tider vart spelt lavt følte vi at vi hadde kontroll. Stord 2 var farlegere i angrep enn oss, og flinkare til å angripa med fleire. Då dei først scora fekk dei raskt trua og før første omgang var ferdig leda bortelaget 4-0.

Andre omgang vart jamnare både i spel og målprotokoll. Vi fekk to mål signert Julie og Nathalie og Stord 2 scora 3, slik at sluttresultatet enda 2-7.

Som vanleg var det ingenting å sei på innsatsen til jentene og alle skal ha skryt. Vi er i stadig framgang og viser innimellom bra spel. Vi treng å få meir tru på oss sjølv og bli litt tøffare i duellane, men vi er på veg.

Frode